Barmen & Brekke, norske kunsthåndverkere

Tre + Keramikk =

Barmen & Brekke. Kunsthåndverkerne Siri Brekke og Per Tore Barmen er inne i en hektisk periode med forberedelser og ferdigstilling av arbeider for utstillingen Everything is Connected som åpner i Milano 4. april. De har en et helt unikt uttrykk gjennom kombinasjonen av keramikk og trevirke, – og ikke minst felles interesse for godt håndverk og design. Vi ønsket å vite litt mer om hvordan deres klassikere blir til.

Barmen & Brekke, norske kunsthåndverkere

Motsetninger tiltrekker hverandre.
Gjelder det dere også – eller bare materialene dere jobber med ?
– Me er ikkje så ulike som materiala me jobbar med. Har vel fleire felles eigenskapar og interesser enn motsetnader. Me deler gleda over å skape, og å jobbe med hendene. Dei motsetnadene me har har enno berre vore eit gode i samarbeidet.
Når oppdaget dere mulighetene i kombinasjonene mellom leire og tre ?
– Etter å ha halde saman nokre år ynskte me å samarbeide kunstnerisk, og sendte i 2015 skisser til fleire utstillingar. Det fyrste me fekk napp på var til Norway Designs NÅ Skala med lysestakane KVEIK, og då var det berre å gå i gang og utføre ideen. Siri flytta omtrent på same tid ut av verkstaden sin i Bergen, for å starte opp på nytt på Stord. Dei nye verkstadtilhøva var mindre, og omfanget av kva ho kunne halde på med tilsvarande. Ho gjekk til innkjøp av ei dreieskive, og sidan dreiing i tre var noko av det Per Tore beherska innanfor sitt fagområde fann me ut at teknikken var eit fint utgangspunkt for samarbeidet.

 

Barmen & Brekke - Norske kunsthåndverkere

Det er også mange nyanser i keramikken som jeg antar har betydning for valg av hvilket treslag dere velger ?
– Ja, absolutt. Det første eg gjer når eg startar på tredelen er å sjå kva trematerial som er tilgjengeleg i verkstaden, eventuelt kan skaffast. Så er det å tenkja etter kva som kan passa saman med keramikken både i struktur, fargar eller andre ting i trevirket som kan komma til å spela inn på heilheiten i sluttproduktet. For eksempel skal det vera ståande eller liggande årringar? Kva farge glasuren har eller korleis overflata på keramikken er, er og av stor betydning for kva treslag som vert plukka ut. Er det ei misfarging i trevirket som har komme av surning eller anna, kan eg gjerne sjå etter om dette kan passa til ein fargenyanse eller anna synlege ting i glasuren som skil seg ut. Så delen av arbeidet med å plukka ut trematerial til keramikken kan ofte ta ein del tid.

 

Barmen & Brekke - Norske kunsthåndverkere

Hvor henter dere inspirasjon og kreativitet i hverdagen ?
– Inspirasjon finn me mange stadar, som mellom anna ved museum, utstillingar og ikkje minst i naturen. Eigne prosjekt fungerer og som katalysatorer for nye. I det me held på med det fysiske arbeidet oppdagar me interessante ting som me kan dra med oss inn i neste prosjekt. Og ikkje minst materiala og dei muligheitene dei ber med seg. Til slutt må me nemne dagdrøyming og impulsar me gir kvarandre. Kvar for oss fangar me inn og har kunnskap om ulike ting som me deler og diskuterer.
Det er en stor glede og se deres klassikere designet for fremtiden. Kjenne på vår egen kulturarv som er gitt samtidens former. Lykke til i Milano.
Bilder er fra Norske Kunsthåndverkere sin utstilling på Oslo Design Fair 2016. Foto @Bjørn Johan Stenersen – Produktfoto @Barmen & Brekke